Usemje: I Nissedal formannskap ville Kristin Parkinson Vågen (Ap) ta til fylgje klaga frå grunneigar Halvor Homme. Ordførar Ian Parry-Jones (Sp) og dei tre andre politikarane stod på sitt om nei til massetaket, og nå går saka vidare til Statsforvaltaren.
Geir Ufs
Massetak-avslaget blir sendt vidare for endeleg avgjerd
Grunneigar Halvor Homme har klaga på vedtaket i Nissedal kommunestyre om nei til å etablere Homme massetak. I formannskapet ville Ap ta klaga til fylgje, men blei nedstemt. Statsforvaltaren er neste som skal vurdere saka.
Mot dei fem røystene til Ap og éi røyst frå H vedtok Nissedal kommunestyre i starten av november å ikkje godkjenne detaljreguleringsplanen for Homme massetak. Den politiske motstanden til planen skuldast mykje alle protestane frå folk i Heimdal- og Sønderlandsgrenda, som fryktar støy frå den tenkte etableringa.
Grunneigar Halvor Homme klaga på kommunestyrevedtaket, og stilte spørsmål mellom anna om habiliteten til kommunestyremedlem Olaus Sønderland (H). Han bygger hus i Sønderlandsgrenda 1,3 kilometer frå det planlagde massetaket, var éin av 69 personar som skreiv under protestskriv mot nyetableringa, og stod fram i media saman med 20 andre som motstandar av ynsket til Homme.
Ikkje inhabil
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP