Smilet er tilbake: Straand Hotel fekk strekmunn av Mattilsynet etter tilsyn 1. oktober, men utbetra avvika snøgt, og ved inspeksjonen 4. oktober hadde tilsynet ingenting å utsetje på kjøkendrifta.
Privat
Mattilsynet fann to avvik under inspeksjonen av hotellkjøkenet – men no er feila retta og smilet tilbake hjå tilsynet
Mattilsynet fann to avvik ved Straand Hotel i Vrådal då dei hadde inspeksjon 1. oktober. Dei var tilbake fredag 4. oktober, og då fekk hotelkjøkkenet plettfritt resultat.
Manglane tilsynet fann var i stor grad knytt til reinhald i steike- og kokesona og på undersida av anretningsbenken. Dei fann òg mugg på ei tettingslist på eitt av kjøleskåpa, og ved ei vifte i oppvaskavdelinga. Det gav strekmunn i Mattilsynets smilefjesbarometer.
I tillegg oppdaga Mattilsynet at taket i kjølerommet ikkje var utbetra, noko som også vart påpeika under førre tilsyn.
– Det var slitt måling som flassa av, og små bitar av måling låg lause. Der målinga var borte, var den ubehandla overflata på sponplatene eksponert, skreiv Mattilsynet i tilsynsrapporten.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP