Betenkt: Fyresdalordførar Erik Skjervagen (Ap) meinte det var eit problem å tappe næringsfondet med store summar alt i årets fyrste møte. Han fekk formannskapet med på å redusere den tilrådde tilskotssummen med 200 000 kroner for å bygge ammekyrfjøs.
Geir Ufs
Meir enn halverte fjøstilskotet. – Kvifor skal me støtte ulønsam verksemd?
Kommunedirektøren i Fyresdal ville gje 350 000 kroner i investeringstilskot til fjøset Anja Pedersen og Terje Hunemo skal bygge. Ordføraren meinte satsinga på kort sikt ville gje null arbeidsplassar, og fekk med seg formannskapet på å redusere tilskotet monaleg.
Planen til Anja Pedersen og Terje Hunemo er å bygge fjøs til våren for om lag 40 ammekyr, og kjøpe drektige kviger til hausten. Bygget skal bli reist i tre, og kostnaden er budsjettert til 4,3 millionar kroner. Paret har fått 1,5 millionar kroner frå Innovasjon Noreg til investeringa, og søkte Fyresdal kommune om 700 000 kroner i tilskot.
«Anja Pedersen og Terje Hunemo kjøpte Håsum gbnr. 52/4 med Nordbø/Skåli for om lag 2 år sidan. Dei har no etablert seg her i kommunen, og ynskjer å satse for å nyttiggjere seg dei ressursane som finst på garden. Etableringa med ammekuproduksjon er tenkt som ein deltids arbeidsplass for båe to. Det saman med Anja sin veterinærpraksis og Terje si satsing som entreprenør/tømrar gjev båe to fulltidsarbeidsplassar», står det i saksutgreiinga til formannskapet.
Nesten hobbyverksemd
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP