Skal dele ut to millionar til unge vesttelar som satsar
Signe og Arne Aas dreiv fotoforretning i Seljord i mange år. I testamentet til ekteparet stod det at dei ville opprette eit minnefond til unge i Vest-Telemark. Vest-Telemark museum skal forvalte fondet.
Arne Aas var ein prisløna fotograf som i tillegg til vanleg portrettfotografering nytta natur og tradisjonskulturen i Vest-Telemark som motiv. Både Signe og Arne er no døde, etter at Arne gjekk bort i 2020.
Dei hadde ingen etterkommarar, men i testamentet deira låg det igjen ei gåve til unge i Vest-Telemark som få veit om. I testamentet stod det at dei ville opprette eit minnefond for unge i Vest-Telemark som satsar på tradisjonell næringsverksemd i Øvre Telemark. Det er styret i Vest-Telemark Museum som er peika ut til å forvalte fondet, og som avgjer kven som skal få støtte til etablering.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Oppgåva til Vest-Telemark Museum er å vidareføre det Signe og Arne ynskte i testamentet sitt. Dei ynskte å skape busetting, samt å få tatt vare på flotte tradisjonar her i Vest-Telemark, fortel Lars Bjaadal, styreleiar i Vest-Telemark Museum.
Nye arbeidsplassar
Signe og Arne sitt ynskje var å skape nye arbeidsplassar, og gje unge i Vest-Telemark ein real sjanse til å få etablert bedrift og drive næring.
– Det å skulle starte opp ei bedrift og drive næring er svært krevjande i starten, så det å kunne gje pengestøtte til nokon som verkeleg vil satse er ein unik sjanse, både for enkeltpersonar, men også for Vest-Telemark, seier Bjaadal.
I minnefondet er det to millionar som skal bli delt ut til personar som Vest-Telemark Museum meiner er gode kandidatar. Nokre kriterium for å søkje er at du er ung som skal etablere deg og busette deg i Vest-Telemark, og har ei interesse for å drive med tradisjonell næring.
– Me håpar på å få mange gode kandidatar, og me oppfordrar mange til å søkje, fortel museumsdirektør ved Vest-Telemark museum, Dag Rorgemoen.
– Minnefondet til Signe og Arne Aas er ei fantastisk gåve til Vest-Telemark, og me skal dei komande år bruke opp alle dei to millionane for å tilfredsstille ynskja deira, seier Bjaadal.