Får støtte: 140 mjølkeprodusentar i Vestfold og Telemark får betalt tilbake frå Tine sitt overskot i 2021. Biletet er frå Aslak Snarteland sin buskap i Fyresdal.
Torstein Kiserud
Mjølkebøndene i Vestfold og Telemark får over 31 millionar kroner tilbake frå Tine
I Vestfold og Telemark deler 140 mjølkeprodusentar 31 millionar kroner som blir betalt tilbake frå Tines overskot for 2021. Mjølkeprodusentane i Vestfold og Telemark tar ut 222 000 kroner kvar i snitt frå overskotet til samvirket.
Styret i Tine har valt å ta kraftfulle grep for å avhjelpe mjølkebøndenes krevjande økonomiske situasjon, melder andelsmeieriet Tine i ei pressemelding.
— Nødvendige kroner til rett tid som viser styrken i samvirket og samtidig er det mogleg på grunn av fornuftig og solid økonomisk styring over mange år, konstaterer mjølkebonde og styreleiar i Tine, Marit Haugen.
Tine blir eigd i samvirke av nesten 9 000 mjølkebønder over heile landet. Til saman får produsentar som leverer mjølka si til Tine utbetalt over 1,4 milliardar kroner av årets overskot på 1,7 milliardar kroner.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP