Snarkjøp Åmotsdal: Fredag 5. november opna Bui i Åmotsdal som heildigital og døgnopen daglegvare for bygdefolk, hyttefolk og gjennomreisande. Men butikken får ikkje ha ope på sundagar.
Tone Tveit
Nå har butikkane fått endeleg svar på om dei kan ha ope på sundagar
Statsforvaltaren har konkludert: Verken Morgedal eller Åmotsdal er typisk turiststad. Butikkane kan dermed ikkje ha ope på sundag.
Både Seljord kommune og Kviteseid kommune har søkt om at dei to stadane kan bli definert som typisk turiststad og dermed ha ope på heilagdagar. I svaret frå Statsforvaltaren står det at kommunane ikkje kan klage på avgjerda.
Typisk turiststader er plassar der det er få fastbuande samanlikna med talet på tilreisande og besøkande i løpet av året, og at kundegrunnlaget er for lite til at næringsdrivande kan overleve på salet til dei som bur fast.
Båe butikkane har investert i utstyr slik at butikkane kan vera ope heile døgnet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP