Nå har departementet konkludert om Fossøl
Landbruks- og matdepartementet ser ikkje noko i behandlinga av konsesjonssaka på Fossøl som gjer at dei vil gjera om Kviteseid kommunens avgjerd.
«Departementet kan ikke se at det foreligger opplysninger som tilsier omgjøring i saken. Vårt svar i saken er ikke et enkeltvedtak og kan derfor ikke påklages», heiter det i avgjerda frå Landbruks- og matdepartementet som VTB har fått innsyn i.
Advokat Hilde Sannes Holløkken kravde på vegner av Alf Kjetil Runningen at vedtaket om å ikkje gje konsesjon på Fossøl i Åsgrend blei gjort om.
Konsekvensen dersom det endar med at Alf Kjetil Runningen ikkje får konsesjon på eigedomen i Åsgrend, er at han må overdra eigedomen til nokon som kan få konsesjon. Departementet utsette denne fristen fram til dei tok ei avgjerd i saka. I brevet skriv dei at ny frist er 26. april.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP