Feira døgnopen butikk. – Me såg at dette var vår moglegheit
Det var kake, tale og klipping av den obligatoriske snora då bui i Morgedal offisielt fekk status som sjølvbetent og døgnopen butikk. Nå håpar dei omsetjinga vil auke.
– Eg brukar bui så mykje som mogleg ja, seier morgedøl og stamkunde, Asgjerd Stråndi.
Ho tek fredagshandelen på ein av dei sjølvbetente kassene på Coop i Morgedal. Stråndi er alt stamkunde, men kjem ho til å bruke bui meir nå når den blir open heile døgnet?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det kan jo hende om det er noko eg manglar ein kveld, seier ho.
Morgedølane Kjersti Andersen og Gunvor Høydal har også tatt turen på opningsfest for den døgnopne butikken.
– Det er eit knalltilbod, meiner Høydal.
– Eg kjem kanskje til å bruke det på kveldane, men ikkje midt på nåtta akkurat. Men det er kjekt å ha det tilgjengeleg, me er jo ikkje så gode på å planlegge, seier Andersen.
Naudsynt å auke omsetjinga
I 2018 opna Hegna landhandel på Vefall, og vart den fyrste sjølvbetente butikken i Telemark. Sidan har dei sjølvbetente butikkane dukka opp i fleire krokar av Vest-Telemark. I haust vart bui i Åmotsdal sjølvbetent, og i 2020 vart butikken på Åmdals Verk sjølvbetent. For butikken på Verket har endringa vore ein stor suksess, året etter kunne dei melde om ei auke i omsetjinga på 1,5 millionar på eitt år.
Olav Urbø er styreleiar for butikken på Åmdals Verk og vara på Stortinget for Senterpartiet. Han har stor tru på at butikken i Morgedal har potensial som døgnope og sjølvbetent.
– Eg har veldig trua. Butikken ligg langs E134, og her er det stor trafikk. Ikkje minst all arbeidstrafikken, seier Urbø.
Per Larsen har vore dagleg leiar på bui sidan 2001, og fortel at endringane blir gjort på grunn av omsetjinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dei siste 5-6 åra har omsetjinga stagnert. Kostnadene aukar medan inntektene står stille, seier Larsen.
Nå håpar han utviklinga vil snu, og innrømmer at dette er eit vere eller ikkje-vere for bui.
– Erfaringsmessig kan ein rekne med ein auke på 20 prosent, men å ha ope på sundagar kan gje ein auke på 30 prosent, seier Larsen.
Før jol avslo Statsforvaltaren søknaden frå Kviteseid kommune om at Morgedal er ein «typisk turiststad», og dermed kan ha ope på sundagar. Utsiktene for å auke omsetjinga hadde vore høgare om dei fekk halde ope sju dagar i veka. Men slik gjekk det ikkje. Larsen håpar likevel det vil føre til positive endringar med eit døgnope og sjølvbetent tilbod. Han håpar særleg å nå dei mange forbipasserande.
– Me må ha to-tre månadar før me kan sjå ei skikkeleg endring, men håpar å nå dei som køyrer forbi, turistar, og alle som køyrer til hyttene sine på Rauland, seier Larsen.
Han fortel at investeringane har kosta 800 000-900 000 kroner. Dei har fått 100 000 i støtte av kommunen, og 600 000 gjennom Merkur-programmet som er ei statleg støtteordning.
Tove Slettemeås er styreleiar i Coop Morgedal, og fortel at styret har arbeidd fram mot dette i litt over eitt år.
– Me såg at dette var vår moglegheit. Å gjere tilbodet meir tilgjengeleg kan skape meir omsetjing, seier Slettemeås, som sjølv ser fram til å ha fleire timar å gjere handelen på.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er veldig kjekt på kvelden om eg har gløymt noko, eller på morgonen før eg skal på jobb, seier ho.
Ein møteplass
Tale frå ordførar, kaffi og kake til alle og myldring i bui på fredagsettermiddag. Bygda er godt presentert på opningsfest.
– Kor viktig er butikken for bygda?
– Veldig viktig, seier stamkunde Stråndi medan ho pakkar varene i handleposar.
– Eg tek heile handelen her. Det er så lettvint og greitt. Bui er veldig viktig, og det ville blitt veldig trasig utan, meiner Høydal.
– Ja, det er jo ein viktig møteplass, seier Andersen.