Bygger nytt: Vest-Telemark kraftlag vil bruke 18,7 millionar kroner på å bygge Nye Gjøv kraftverk i Birtedalen i Fyresdal. (Illustrasjonsfoto)

Nå vil selskapet bygge nytt kraftverk

Vest Telemark Kraftlag AS (VTK) har starta detaljplanlegginga for bygging av Nye Gjøv kraftverk i Birtedalen i Fyresdal. Anlegget skal etter planen gje årleg produksjon på 4,5 GWh, som er 4,5 millionar kilowattimar. Det tyder straum til over 200 husstandar om årleg forbruk er 20 000 kilowattimar.

Publisert

Etter at Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjeve løyve til å bygge og drive Nye Gjøv kraftverk i Tverråna vest i Fyresdal, har VTK byrja detaljplanlegginga av anlegget. Tiltaket omfattar bygging av inntakskonstruksjon, legging av røyrgate, bygging av kraftstasjon og opparbeiding av tilkomstvegar med meir. Bystøl AS har blitt engasjert for å planlegge og prosjektere anlegget.

VTK vil nytte eit fall i Tverråna på 67 meter mellom Brutjønn og Tovslitjønn. Inntaket er planlagt i det eksisterande inntaket til mikrokraftverket Gjøv på kote 603 med kraftstasjon på Sandane på kote 536. Frå kraftstasjonen på Sandane er det planlagt ein 700 meter lang kabel som skal bli grave ned i røyrgatetrase/veg over heile strekninga. Kraftproduksjonen skal bli knytt til eksisterande 22 kV distribusjonsnett, som VTK eig.

Langs eksisterande inngrep

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS