Saka sendt vidare: Det er utført hogst i området der planen er å etablere Homme massetak. Nissedal kommunestyre vil ikkje at etableringa skjer, og Statsforvaltaren har avvist ei klage frå grunneigar og entreprenør. Nå går saka til departementet for endeleg avgjerd.

Nektar å godta massetak-nei. – Svært uryddig behandla

Verken grunneigar eller entreprenør gjev opp saka om Homme massetak i Nissedal kommune, sjølv om Statsforvaltaren har avvist klaga rundt eit nei i kommunestyret til det nye tiltaket.

Publisert

For ikkje lenge sidan avviste Statsforvaltaren ei klage frå grunneigar Halvor Homme og Kjell Asbjørn Solberg AS, som fekk nei av kommunestyret til å etablere Homme massetak.

I førre veke varsla dei to ei klage til Statsforvaltaren (SF) på vedtaket han hadde gjort.

– Det blir lagt til grunn tidlegare korrespondanse som bakgrunn for vår klage på SF sitt vedtak om å avvise klaga. Saka følast svært uryddig behandla, og manglar som nemnt i tidlegare korrespondanse både grunngjeving og avklaring rundt sentrale tema i saksbehandlinga frå kommunen si side. Håper derfor at om SF held fast på sitt vedtak om avvising, at Kommunal- og distriktsdepartementet går gjennom saka og forhåpentlegvis ser annleis på dette, skriv grunneigaren og entreprenørfirmaet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS