NHO Reiseliv spår solid campingsesong
NHO Reiseliv trur campingsesongen i år kan bli like bra som rekordsesongen i fjor.
I juli i fjor hadde norske campingplassar det høgaste talet på overnattingar sidan 2009, med over 2,7 millionar overnattingar.
– Vi trur campingsesongen i år kan bli like bra som i 2019, seier Jarle Buseth, bransjesjef camping i NHO Reiseliv til NRK.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han fortel at NHO har fått gode signal på at dei fleste i campingnæringa er positive til sommaren, trass i restriksjonar som følgje av koronaviruset.
– Vårt inntrykk er at mange nordmenn har hatt lyst til å prøve camping og bubil også tidlegare år, men at ein landar på å reise til utlandet. Men i år trur eg fleire kjem til å utforske sitt eige ferieland, seier Buseth til kanalen.