Ni av ti gardsbruk i Sør-Sverige borte på 25 år

Ny forsking viser at nedgangen i landbruket i Sverige har gått raskare enn det som har vore kjend frå statistikken.

Forskarar ved Sveriges Lantbruksuniversitet har funne at nedgangen i svensk landbruk går raskere enn det styresmaktene har trudd fram til no, skriv SVT.

Årsaka til misforholdet i rekneskapet er at landbrukseigendom i statistikken ikkje er det same som eit jordbruk i verkelegheita.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Gardane ligg der dei låg, men det er ofte nokon andre enn grunneigaren som forvaltar jorda, seier forskar Anders Wästfelt ved Sveriges Lantbruksuniversitet, til SVT.

Ifølge Wästfelt har 9 av 10 gardsbruk på flatbygdene («slättbygdene») i Sør-Sverige, forsvunne dei siste 25 åra. Tal fra Jordbruksverket i Sverige viser at talet på gardar i denne perioden har gått ned frå 100.000 til 67.000, men nedgangen er altså mykje større.

(©NPK)