Nokon vil bli gode skutersjåførar. Andre er opptatt av lokal historie og geografi. – Personleg synest eg alt saman er like moro
Åsulv Hylland og Tor Eivind Øygarden har starta opp Rauland adventure som tilbyr guida turar på skuter i løypenettet til Vinje kommune.
– Guida tur er eit tilbod til dei som ikkje ønskjer å ta ut ein snøskuter i løypenettet på eiga hand, forklarar Hylland. Han understrekar at dei er opptekne av tryggleik på turane.
– Deltakarane får tildelt ein snøskuter og ein gjennomgang av funksjonane, tryggleiksutstyr og reglar for køyring. Deretter får alle ein individuell prøvetur der guiden er med. Det blir samtidig gjort ein vurdering om vedkommande er skikka til å køyre snøskuter på eiga hand, seier Hylland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dersom guiden mistenker at køyring er uforsvarleg eller at deltakaren er ruspåverka, vert turen avlyst.
På turen er guiden er synleg med gul refleksvest og følgjer fremst, bakarst eller midt i gruppa, avhengig av gruppa og dugleiksnivået. Undervegs vert det stopp og instruksjonar. Kva som er fokuset undervegs kjem an på gruppa.
– Somme er interessert i snøskuter og ønskjer å bli ein best mogleg sjåfør. Andre er opptatt av lokal historie og geografi. Personleg synest eg alt saman er like moro, så det passar fint.
Etter ein god times køyring vert det ein pause med enkel servering ved til dømes Møsvatn, før gruppa returnerer til Rauland.
Med og utan guide
Guida tur med Rauland adventure kostar 2000 kroner per deltakar. Deltakaren får då låne skuter og tryggleiksutstyr, får instruksjon før og undervegs, og ein pause med enkel servering. Løyve til å nytte løypenettet er også inkludert.
Har ein skuter og utstyr sjølv og ønskjer å legge ut på tur på eiga hand, kostar eit døgnløyve i løypenettet i Vinje 150 kroner.
Har investert 600 000
Hylland og Øygarden har skaffa ti skuterar, og dei har guidar som ønskjer å arbeide for dei i helger og periodar med høg aktivitet. Ei avtale med Austbø hotell om reklame og booking er også på gang, og det er planar om fleire liknande samarbeidsavtalar.
– Turane vil gje tilbod til eit breitt spekter av turistar, og bidra til å auke verdien av Vinje kommune som turistmål, skriv dei to i ein søknad til Vinje kommune.
Til no har dei to gründerane investert kring 600 000 kroner i tiltaket, og har estimert at dei vil ha om lag 100 deltakarar i testsesongen. Dei reknar derfor ikkje med å gå med overskott i år, og søkjer Vinje kommune om eit tilskott på 40 000 kroner for å gå tilnærma i null i testsesongen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen andre som driv med dette i dag
– Det er bra at det blir sett som ein økonomisk moglegheit å starte ei verksemd som i tillegg gjev eit ekstra aktivitetstilbod. I dag er det ingen andre som drive denne aktiviteten. Det var eit slikt tilbod i førre sesong, men grunna tragiske omstende er det avvikla, skriv næringssjef Knut Martin Edland i si vurdering.
Dei tragiske omstenda Edland refererer til gjeld løyve til guida gruppeturar på skuter som vart gjeve til Magnar Skinnarland førre sesong. Løyvet gjaldt frå 30. november 2022, men han omkom kort tid etterpå i ei skuterulykke på Møsvatn.
– For destinasjonen Rauland er dette eit viktig tilbod, som gjev breidde i tilboda ein har i destinasjonen, skriv Edland, og seier ja til å løyve tilskottet.
Hylland og Øygarden trur Rauland adventure har potensial for vekst.
– Turane kan utvidast til å omfatte andre aktivitetar, for eksempel guida toppturar, isfiske og så vidare.