Går saman for å realisere Nordbygdi næringsområde: Bak frå Seljord kommune, konstituet rådmann, Frid Berge, ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp) og næringssjef Asbjørn Storrusten. Framme frå venstre dagleg leiar og eigedomssjef i Bergene Holm eiendom AS, Morten Riis-Gjertsen, dagleg leiar i Dyrsku'n arrangement AS, Geir Helge Espedalen og dagleg leiar i Telemark bilruter AS, Tellef Solås. (Arkivfoto)

– Nordbygdi næringsområde blir ein realitet

Seljord kommune, Telemark bilruter AS, Bergene Holm Eiendom AS og Seljordsutstillinga Dyrsku’n er samde om ei felles utbyggingsavtale for å realisere den varsla satsinga på næringsområdet i Nordbygdi i Seljord.

Publisert Sist oppdatert

Det stadfestar ordførar Beate Marie Dahl Eide (Sp). Den endelege godkjenninga av avtaleutkastet skjer i kommunestyret i Seljord torsdag 29. april.

– Eg er svært glad for at me no er kome i mål med forhandlingane og har fått på plass ei felles utbyggingsavtale for Nordbygdi næringsområde. Samtidig er det viktig for meg å understreke at partane no tek ein stor risiko med tanke på at me ikkje har fått avklart ekstern finansiering, seier Eide.

Seljord kommune, som byggherre for infrastrukturen, har hatt både vatn og avløp (VA), avkøyrsle frå E134, bru og internvegar ute på konkurranse. Ordføraren seier det er viktig at ein får nytta tilboda ein har fått på plass, slik at prosjektet vert så rimeleg og bra som råd.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS