Geir Ufs
Norrøna kjøper Canvas Hotel
Turutstyrverksemda Norrøna kjøper Canvas Hotell på Heimdalsheia i Nissedal.
«Verdens eneste stisykkelhotell, midt i villmarken. Stisykling i verdensklasse, med glamping», skriv hotellet om seg sjølv på nettsida si. Nå har Norrøna kjøpt hotellet.
– Dette er staden eg er tredje mest, etter heime og hytta, seier Norrøna-sjef og -eigar Jørgen Jørgensen til E24.
Ifylgje TA skal dei to tidlegare eigarane, Jan Fasting og Vebjørn Teigen Haugerud, vera med vidare i det nyoppretta selskapet Norrøna Adventures, men dei skal ikkje vera med i drifta.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP