Systema til Nortura er framleis ikkje på beina igjen etter dataangrepet før jul.Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK
Nortura slit framleis etter dataangrepet – spår leveringsutfordringar
Systema til Nortura er framleis ikkje på beina igjen etter dataangrepet før jul, og selskapet trur det vil få konsekvensar både i butikkar og restaurantar.
– Utfordringa vår er at vi ikkje er kopla til internett. På den eine sida får vi ikkje innmeldingar frå bønder som vil levere dyr til slakt. På den andre sida får vi ikkje inn ordrar frå kundar, seier Kjell S. Rakkas i Nortura til Tønsbergs Blad.
Nortura vart 21. desember utsett for eit dataangrep og stengde IT-systema sine i tillegg til å fjerne internettilgangen på fleire av driftsstadene sine. Dei jobbar med å etablere mellombelse løysingar.
– Vi har eitt fokus: Det er å få opp produksjonen igjen, og å levere kjøtt og egg til Noregs befolkning. Men vareleveringa vår vil vere uregelmessig framover. Vi har prioritert dei store voluma, det vil seie daglegvarehandelen. På restaurantmarknaden vil det vere større leveringsutfordringar, seier Rakkenes.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP