Ny leiar i Telemark Bonde- og Småbrukarlag
På årsmøtet i Telemark Bonde- og Småbrukarlag 11. februar vart Per Helge Seltveit frå Fyresdal samrøystes valt til ny fylkesleiar.
Seltveit driv med telemarkskyr, sau, staulsdrift, ost- og smørproduksjon. Han er utdanna veterinær og har tidlegare jobba i Mattilsynet og vore meieribestyrar, melder organisasjonen i ei pressemelding.
– Eg ser fram til å leie eit oppglødd og initiativrikt fylkeslag i ei særs viktig, ja truleg avgjerande tid for jordbruket. Vi skal gjere alt vi kan for at dei mange gardsbruka i Telemark skal produsere både mat, trivsel og framtidstru, seier Seltveit.
Artikkelen held fram under annonsen.
Seltveit har med seg desse i fylkesstyret: Regina Brajkovic, Halvor Versto, André Trondsen, i tillegg blir avgått leiar Sondre Aasan med vidare som nestleiar.
Kari Tellefsen vart takka av på årsmøtet etter fire år som fylkessekretær, Silje Hegg frå Rauland er ny fylkessekretær i laget.