Nok å gjere: Øystein Fredriksen (t.v.) og svigersonen Alexander Risan ved den nyinnkjøpte produksjonsmaskina frå England – ei investering på nesten to millionar kroner. Ullsoleverksemda har nok å gjere, ikkje minst når det er kalde dagar.

Nytt produksjonsutstyr og generasjonsskifte. – Moro at ny generasjon har fått interessa for verksemda

I over 30 år har nissedølen Øystein Fredriksen drive soleverksemd i Treungen. Nå er det investert i nesten to millionar kroner i ny produksjonsmaskin, og neste generasjon i familien er klar til å føre Fredriksens Fabrikk AS vidare.

Publisert Sist oppdatert

Utpå nyåret og på ein knakande kald dag er det fleire årsaker til at lokalavisa tek turen til Fredriksens Fabrikk AS i Treungen. Meir om det seinare i saka.

Øystein Fredriksen (63) starta saman med Torstein Tarraldsen soleverksemda i 1993. Den hausten hadde dei stand på Dyrsku`n i Seljord, med ein knallstart på salet. Året etter, ved å vere til stades under OL på Lillehammer, kom eit skikkeleg gjennombrot for solesalet.

– Det var 20 minusgrader på Lillehammer, og ikkje vanskeleg å selje solar. Me hadde reist frå fabrikken i Treungen med Volvo stasjonsvogn fullt opp av solar. Etter tre dagar hadde me ikkje att fleire. Me forstod at produktet vårt var salbart, seier dagleg leiar Øystein, der me sit på kontoret til Fredriksens Fabrikk og eit bygg Øystein eig.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS