... Også i lokallaget er det leiarskifte
Vest-Telemark Bonde- og Småbrukarlag hadde nyleg årsmøte på Nutheim. Årsmeldinga syner god og allsidig aktivitet, melder lokallaget.
Medlemstalet aukar jamnt og trutt. I fjor hadde laget ein netto auke på 16 medlemer. Blant dei nye er det mange yngre gardbrukarar. Same trenden kan ein sjå i store delar av landet. Meir enn 1 000 har meldt seg inn i Norsk Bonde- og Småbrukarlag det siste året. Laget er no ei svært tydeleg og kraftfull stemme i kampen for auka sjølvforsyning og betre lønsemd, blir det meldt i ei pressemelding.
Gunnar Haugo gjer comeback som leiar. Han tek over etter Tor Mølster Byggland som no er fylkessekretær. Tor held fram i styret. Styremedlemer er i tillegg desse: Frode Dyrland, Per Helge Seltveit, Inger Elisabeth Bakken Haugarne, Oddvar Seltveit, Svein Kostveit og Erlend Svenke Fundli.
Artikkelen held fram under annonsen.
Varafolk er Kristina Huitfeldt Carlsen, Kathrine Kinn, Irene Aarbakk, Sondre Aasan og Olav Gunleik Mostaul.
I valnemnda sit Mikkel Vadder og Halvor Versto.
Laget bur seg no på komande jordbrukstingingar.
– Det er på høg tid at målsettingane i Hurdalsplattforma om økonomisk jamstillling og auka sjølvforsyning no blir fylgt opp, melder Vest-Telemark bonde- og småbrukarlag i ei pressemelding.