Kraftsjef: Regionsdirektør i Statkraft region sør, Anneli Finsrud Nesteng, seier omorganiseringa selskapet for tida implementerer vil styrke dei tre regionane, ikkje svekke dei, som ordførarane er bekymra for.
Statkraft
Ordførarane fryktar omorganiseringa er fyrste steg mot nedlegging. – Snarare tvert imot, svarar regionssjefen
Ei intern omorganisering i Statkraft har fått varsellampene til å blinke hjå 12 distriktsordførarar. Det er det ifylgje regionsdirektøren i selskapet, Anneli Finsrud Neseng, ingen grunn til.
Statkraft lanserte i juni i år sin nye strategi, for å leggje drifta til rette for det nye skiftet. Statkraft skal, ifylgje den nye strategien, byggje ut ny energiproduksjon tilsvarande 2,5 til 3 gigawatt i året, eit tal som skal aukast til 4 gigawatt i 2030.
– Det er ei tydeleggjering av satsinga på den norske agendaen. For å bli ein grøn industrinasjon, treng me meir energi. Og om me treng meir energi, er det ganske openbert at mykje av dette må kome frå vind, seier Anneli Finsrud Nesteng, sjef for Statkraft region sør til VTB.
Nesteng fortel at ein treng «fleksibel vasskraft» for å kunne gjennomføre utbygginga av vindkraft, og at dette ligg bak selskapet si auka satsing på vasskraft framover.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP