Rett før påske: Like før påska starta hadde Arne Roar Rygh framleis ikkje nokon som ville overta drifta av sportsbutikken. Då starta han med opphøyrssal.
Geir Ufs
På fem dagar selde Arne Roar varer for 750 000 kroner, men til sommaren er det slutt. – Om nokon overtek, kan eg vere vikar
29. juni sluttar Arne Roar Rygh å drive sportsbutikken i Treungen. I påska starta opphøyrssalet, og på fem dagar blei det selt varer for 750 000 kroner. Det einaste Rygh kjem til å bestille for sal framover er gassboksar og meitemakkar.
I sju år har Rygh hatt sportsbutikk i leigd lokale i Treungen sentrum. Han blei pensjonist i fjor, og har nå bestemt seg for slutte i jobben.
– På ein måte blir det stussleg å slutte, fordi eg trivst veldig godt her. Det har vore ein fin arbeidsplass, og butikken er lønsam. Fyrste året omsette eg for 1,8 millionar kroner. Etterpå har summen vore rundt 2,1 millionar kroner i året, og var oppe i 2,6 millionar kroner i koronaåret, seier Rygh.
Årleg har han tatt ut løn på rundt 640 000 kroner til seg sjølv, og i tillegg har han løna vikarar.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP