Polen – Storbritannia – Fyresdal. Her lagar Kasia te av geitrams
Kasia Piatek, eller Miss Flower som ho kallar seg, voks opp i Polen, men budde ti år i Storbritannia. Nå bur ho i Kleivgrend i Fyresdal, og naturen rundt henne er heilt sentral for produkta ho lagar.
– Eg voks opp i Polen, og etter ti år i ulike byar i Storbritannia følte eg ikkje at eg heilt fann staden der eg ville vere og leve livet mitt, fortel Kasia.
Det er to år sidan ho flytte frå Storbritannia til Kleivgrend i Fyresdal. Der bur ho saman med Jon, og på garden har dei geiter, snart får dei også kyllingar, og dei dyrkar eigen mat og blomar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me prøvar å vere så sjølvforsynte som mogleg. Å bu omringa av skog og innsjøar gjev meg inspirasjon for handverket mitt.
Kasia har alltid vore interessert i kunst og handverk, og då ho budde i Krakow i Polen studerte ho kunst. Seinare vart ho også interessert i selje, og nå lagar ho mellom anna seljekorger, julepynt og arrangerer verkstadar for andre.
I Fyresdal har ho funne ein måte å nytte kortreiste vekstar.
– Eg er interessert i urter og moglegheitene for å nytte dei i kvardagen, slik kom eg på ideen om å lage min eigen te, fortel Kasia.
Teen lagar ho av geitrams.
– Denne urta har mange helsefordelar, og inneheld mykje vitamin C og B, som er bra for god søvn og bra for den mentale helsa. Smaken liknar svart te, men får deg til å tenke på ei sommarleg blomstereng. Ein perfekt kvardagste, meiner Kasia.
Ho meiner det blir ein rik og djup smak av prosessen bak – fermentering og tørking i sola. Og blada er handplukka frå ville planter i Fyresdal.