Tomt: I det gamle Dalen handelslag er det nå ingen drift etter at Skafså bakeri gjekk konkurs i november 2024. Men ny drivar har planar om å starte kafé her i næraste framtid.

Politikarane vil ikkje kjøpe konkursbuet. – Me løyver pengar til noko, og så må me i tillegg kjøpe det tilbake

Skafså bakeri gjekk konkurs i november i fjor. Tokke kommune fekk tilbod om å kjøpe konkursbuet. Men politikarane seier nei.

Publisert

Kommunedirektøren rådde politikarane til å seie ja til å kjøpe konkursbuet. Onsdag var saka i formannskapet, og politikarane sa då samrøystes nei.

Skafså bakeri opna dørene på forsommaren 2023, men i november i fjor gjekk verksemda konkurs. I desember fekk Tokke kommune tilbod om å kjøpe konkursbuet. Det er Tinn Sparebank som overtok konkursbuet, og dei tilbydde fyrst kommunen om å overta buet for 210 000 kroner. Kommunen meinte dette var for dyrt, og nytt tilbod frå banken vart då halvparten av dette.

I saka til politikarane står det at kommunen framleis syntest beløpet var for høgt. Kommunedirektøren rådde politikarane til å gje kommunedirektøren fullmakt til å forhandle og inngå avtale om kjøp av konkursbuet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS