Sommaren gjekk betre enn venta for den norske reiselivsnæringa, men frykten er at hausten blir tung. Måndag kjem det meir hjelp. Her frå Fløyen i Bergen. Foto: Marianne Løvland / NTB / NPK
Regjeringa legg fram ny koronapakke måndag – no får reiselivet og eventbransjen hjelp
Finansminister Jan Tore Sanner (H) legg måndag fram ein ny tiltakspakke for å avhjelpe koronakrisa. Reiselivet og eventbransjen kan vente seg krisehjelp.
I koronaproposisjonen som skal leggjast fram og sendast til Stortinget, vil det òg komme nye anslag for kva krisa har kosta norsk økonomi, etter det NTB forstår.
Det førre anslaget kom i revidert nasjonalbudsjett i mai, men mykje har skjedd sidan den gong. Grovt sett har utviklinga i norsk økonomi vore meir positiv enn venta, og arbeidsløysa har gradvis falle.
Samtidig slit nokre bransjar tungt som følgje av smittevernrestriksjonar, og det vil komme eigne tiltakspakkar for reiselivet og eventbransjen, får NTB opplyst.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP