Handelslekkasje: Salsverksemder i Treungen fryktar endå meir handelslekkasje om det kjem sambindingsveg frå Kyrkjebygdheia til Tørdal. Då kan sentrum i Treungen miste mykje trafikk frå hyttefolk.
Privat
Salsverksemder er bekymra for ny heiveg
Fem verksemder i Treungen har sendt bekymringsmelding til Nissedal kommunestyre. Dei meiner ein veg frå Kyrkjebygdheia til Tørdal i Drangedal kommune vil føre til store tap av inntekter når hyttefolk ikkje lenger køyrer gjennom bygda.
Det er Treungen gjestgiveri, Spar, Coop Prix, sommarbutikken og serveringsstaden Turine og Best som står bak skrivet til dei 17 folkevalde i Nissedal kommunestyre.
– Me er bekymra for planen om ny veg frå Kyrkjebygda til Drangedal. Me er engstelege for å miste gjennomgangstrafikk i sentrum, derav miste mykje inntekter som er med på å halde drifta i gang i dei få butikkane og serveringsstadene som er her. Me har alt merka handelslekkasje til Drangedal på grunn av der er det vinmonopol og anna utval av butikkar, står det i bekymringsmeldinga.
Kva er viktigast?
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP