Sel avdelinga på Notodden
Hjulsparkfirmaet til Hjalmar Lauvstad og sonen Gunnar har gjennom førti år ekspandert til å bli tre bilforretningar; ei i Seljord, ei på Rjukan, og ei på Notodden. No er Notodden-firmaet seld.
– Eg er ingen ungdom lenger, og synest det er greitt å trappe litt ned. Dessutan er marknaden tøff for tida, og det er fint å få til noko saman med nokon som er litt yngre i marknaden og som prøvar å utvide verksemda si, seier hovudaksjonæren Gunnar Lauvstad i Lauvstad bil Notodden AS, som etablerte avdelinga på Notodden alt i 2001.
Det er Star Bil i Skien som tek over Lauvstad bil på Notodden, noko Telemarksavisa melde måndag. Lauvstad bil Notodden AS blei etablert i 2003 på Tuven. Tidlegare innehavar var Johs. Kasin Bilservice AS. Det går fram av kreditt- og marknadsverktøyet Proff forvalt. Eigarane er seljordingane Gunnar Lauvstad som har 51% av aksjane og sonen Lasse Lauvstad som har resten; 49%. Dagleg leiar i verksemda, som sysselset sju årsverk, er Morten Tvervik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Raude tal dei siste åra
Dei to siste registrerte rekneskapsåra har Notodden-firmaet gått med mindre underskot. For 2023 var driftsinntektene på vel 51 millionar kroner, medan resultatet før skatt enda på minus 462 000 kroner. Året før, i 2022 hadde selskapet nesten 50 millionar i driftsinntekter, medan resultatet før skatt viste eit underskot på 667 000 kroner. Dei tre åra før gjekk rekneskapen i pluss med høvesvis 440 000 kroner, 1 242 000 kroner og 207 000 kroner.
Gunnar Lauvstad er framleis eineeigar av Rjukan bil AS på Rjukan, som tidlegare heitte Lauvstad bil AS. Dette firmaet er leia av Geir Knudsen og har ni tilsette. Denne verksemda har gått med overskot på druge to millionar kroner dei to siste åra. Verre er det med Seljord bil AS på Århusmoen i Seljord. Der er Lasse Lauvstad dagleg leiar og eineeigar. Dette firmaet, som blei registrert i 1995, har ifylgje årsrekneskapen 17 tilsette. Rekneskapen viser underskot dei siste tre åra. Resultat før skatt for 2023 enda på minus 653 000 kroner, året før på 2 245 000 kroner og i 2021 var dei raude tala på 458 000 kroner. Men i 2020 synte rekneskapen eit overskot på 603 000 kroner – alt ifylgje Proff forvalt.
Starta med hjulspark
Starten på heile bileventyret, som omfatta både Seljord, Notodden og Rjukan, starta alt i 1984. Det fortalde Gunnar Lauvstad til Vest-Telemark blad i fjor sommar. Namnet på verksemda var den gongen Lauvstad verkstad, som far og son, Hjalmar og Gunnar Lauvstad starta. Dei selde hjulsparkar, mopedar, motorsager, bilutstyr og dekk. Vendepunktet kom i 1992 då firmaet byrja å selje Nissan-bilar. Sonen Lasse starta i firmaet i 2005, og har sidan 2014 vore dagleg leiar i bilforretninga på Århusmoen.
Firmaet som kjøpte Lauvstad bil Notodden AS, Star bil AS i Skien, er alt representert på Århusmoen i Seljord ved selskapet Star bilskade Seljord AS, som etablerte seg i fjor vår. Det er Lauvstad Invest as (Gunnar Lauvstad) som eig bygningen der verkstaden ligg, og som tok kostnaden med å bygge om bygget som tidlegare mellom anna har husa Telenor og Euroscreen på Århusmoen. Største eigaren av skadefirmaet i Seljord er Star bilskade Vestfold og Telemark AS med 80 prosent, medan far og son Lauvstad eig ti prosent kvar.