Tor Jacob Solberg (Leiar i Norsk Bonde og Småbrukarlag), Bjørn Gimming (leiar i Norges Bondelag) og landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp) heldt torsdag pressekonferanse om avklaringa i årets jordbruksoppgjer. Foto: Javad Parsa / NTB / NPK

Semje i jordbruksoppgjeret – ramme på 3 milliardar

Jordbruket og staten er samde om jordbruksoppgjeret. Oppgjeret har ei ramme på 3,015 milliardar kroner. Småbrukarlaget er ikkje fornøgd med avtalen.

Publisert Sist oppdatert

Jordbruksavtalen legg til rette for ein inntektsauke på 85.000 kroner per årsverk. Det betyr at inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper kan tettast med 60.000 kroner, opplyser regjeringa.

– Med denne avtalen blir godt over ein tredel av det berekna inntektsgapet i 2024 redusert. Det betyr at vi ligg føre skjema for å nå målet om tetting av inntektsgap i 2027, seier landbruks og matminister Geir Pollestad (Sp).

Partane har også avtalt fleire utgreiingar og evalueringar som skal gjennomførast fram mot neste jordbruksoppgjer.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS