Ny eigar: Kåre-Rune Mossing gler seg til å ta fatt på den nye kvardagen som drivar av Circle K-stasjonen i Høydalsmo.
Aslak Ringhus
«Sigmund kjem til å gå litt i gangane her og hjelpe til, så eg kan forsikre lokale og alle andre som er innom at alt blir som før. Kanskje berre med ein litt tregare sjef ...»
Etter å ha jobba 23 år i Raude Kross førte ynsket om å sleppe pendling til at Kåre-Rune Mossing kjøpte bensinstasjonen i Høydalsmo. Han kyter av dei tilsette og seier det blir få drastiske endringar.
Etter å ha vore vekependlar frå Seljord til Oslo dei siste fire åra, bestemte Kåre-Rune Mossing seg for å korte ned på arbeidsvegen. Då Circle K i Høydalsmo vart lagt ut for sal tidlegare i år, bestemte han seg for å ta sjansen og bli bensinstasjonseigar.
– Eg hadde lyst til å starte og drive noko sjølv, i tillegg til at eg ville vera meir heime og arbeide meir lokalt. Dette dukka opp som ein gyllen moglegheit, forklarar Mossing.
Den nye eigaren tok over måndag 6. juli, og han seier det ikkje blir dei store omveltingane på stasjonen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP