Konkurs: Halstein Sjølie er personleg konkurs. Bildet er frå då Vest-Telemark tingrett opna konkurs i buet til Morgedal hotell drift AS.

Sjølie er personleg konkurs

Den tidlegare hotellkongen, eigedomsmeklaren og advokaten, Halstein Sjølie, er nå slegen konkurs. Konkursen omfattar også advokatforretninga til Sjølie.

Publisert Sist oppdatert

Vest-Telemark tingrett opna konkursen etter rettsmøte i Kviteseid torsdag der Sjølie møtte. Han motsette seg ikkje konkursopninga. Han vedgjekk at han er insolvent (ute av stand til å gjere opp for seg etter kvart som krav forfell) og forklarte at det er ein fordel for han at det blir opna konkurs der det blir oppnemnt ein bustyrar som kan handtere den økonomiske situasjonen han har hamna i. Han sa at han er oppteken av at det ikkje blir ei forfordeling mellom kreditorane.

– Du erkjenner at du er insolvent? spurde dommaren, sorenskrivar Dag Bjørvik.

– Eg trur nok det for augneblinken er rett uttrykk, ja, svara Sjølie.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS