Aktivitet: Seks tomter er selt på industriområdet i Nordbygdi. Kommunen vil avgrense handelen til dei «plasskrevjande» handelsgruppene og stoppe moglegheitene for å etablere til dømes matbutikk her.
Hans Inge Hagen, Lavine
Skal det bli opna for matbutikk her? Næringslaget fryktar sentrum blir flytta – igjen.
Det er i dag ingen avgrensingar på kva type forretning det blir opna for i Nordbygdi. Seljord kommune ynskjer nå å presisere at det ikkje er mogleg å etablere ein daglegvarebutikk her.
– Detaljhandel har aldri vore tenkt i dette området, skriv Seljord kommune om næringsområdet i Nordbygdi.
Kommunen har hatt ute på høyring eit framlegg om å endre detaljreguleringsplanen for næringsområdet i Nordbygdi. Det er Ask prosjekt AS (Gunvald Solli) og Bergene Holm AS som har bede kommunen om å endre planen frå 2021. Den store aktiviteten i Nordbygdi har vist eit behov for å gjere fleire mindre oppdateringar og tilpassingar i reguleringsplanen for området.
Det er mellom anna eit ynske om å auke byggehøgde og utvide vegen i krysset ved brua.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP