Spøker for skibussen: I ei årrekkje har skibussen knytt saman Rauland ved å køyre att og fram mellom Raulandsgrend og Vierli med både fastbuande og turistar. No er det vanskeleg å finne pengar til å vidareføre tilbodet, men kommunen seier nei til å støtte bussdrifta.

Skibussen får ikkje kommunal støtte: – Vinje kommune skal ikkje drifte næringslivet

Formannskapet i Vinje har bestemt at dei ikkje vil støtte skibussen mellom Raulandsgrend og Vierli. – Vinje kommune kan og skal ikkje drifte næringslivet, skriv rådmann Jan Myrekrok i si vurdering.

Publisert Sist oppdatert

Tilbodet om skibuss har eksistert i ei årrekkje, og har bidratt til å binde saman Rauland som destinasjon. Det var den konkursramma verksemda Raulandsfjell AS som hadde kontrakten på skibusskøyringa.

Ingen har råd

Rauland Turist leitar derfor etter ei løysing for å vidareføre skibussen, men verksemdene i bygda går gjennom vanskelege tider, mellom anna på grunn av straumprisane, og har ikkje økonomi til å drifte tilbodet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS