Skog: Illustrasjonsfoto.

Skogeigarar blir oppmoda om å bestille ny skogbruksplan – sikrar viktig godkjenning i fleire år framover

Kommunane Fyresdal, Tokke og Vinje tilbyr rullering av skogbruksplan til skogeigarane i kommunane. Denne vil gje eigarane betre oversikt over verdiar og miljø på eigedomane, samt godkjenne skogbrukarane for tømmersal dei neste 15 åra.

Publisert Sist oppdatert

Planen blir levert av Glommen-Mjøsen Skog, på oppdrag frå kommunane, som mellom seg har eit produktivt skogareal på kring 874 000 dekar. Føremålet med planen er å gje skogeigarane betre oversikt over ressursane på eigedomane, samt gje eit betre avgjerdsgrunnlag i forvaltninga.

Dei som tingar den nye planen vil mellom anna få bonitert eigedomane sine på nytt, ved hjelp av laserdata, samt få eigedomen miljøsertifisert for dei neste 15 åra, slik at ein er godkjent for sal av tømmer i heile perioden.

– Bruken av laserdata gjev skogtakst av høg kvalitet, som er lett tilgjengeleg på nettbrett, telefon og PC, seier Ann Kristin Lunde, kvalitet- og miljøleiar i AT-Skog, i eit informasjonsskriv til skogeigarane.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS