Regjeringa set av pengar for å gjere transport av tømmer meir effektiv. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB / NPK

Skogsvegar og tømmerkaier får budsjettmillionar

73 millionar kroner til skogsvegar og tømmerkaier skal bidra til å få tømmeret ut av skogen og ut på marknaden, ifølgje budsjettforslaget frå regjeringa.

Publisert Sist oppdatert

Regjeringa bruker òg 20 millionar kroner på å utbetre flaskehalsar langs fylkesvegnettet for å gjere tømmertransporten meir effektiv.

Landbruksdepartementet vil dessutan auke tilskotet til gjødsling og skogplanting med 4,5 millionar kroner. Dette går under posten klimatiltak i skog, som til saman utgjer 35 millionar kroner på budsjettet for neste år.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS