På jobb: Vetle Skori i front med staben sin på Colibri. Bak Vetle står Hans Olav Omtveit, Ole Johnny Lid, Dag Jarle Sveinsson, Sven Arthur Sætre Jensen og Tone Skori.

Skrur tida tilbake til då Seljord var utelivssentum

For dei fleste som ikkje kjem herfrå er sjøormen og Dyrsku’n assosiasjonane når Seljord blir nemnd. Men for mange utanbygds vekkjer også det legendariske diskoteket midt på Brøløs gode minne.

– Køen stod forbi Tveitan!

Vetle Skori har snakka seg varm om diskotekeventyret Colibri. Nå mimrar han tilbake til då Di Derre kom til Seljord. VTBs arkiv fastslår at dette var i januar 1995 – då bandet som framleis er høgst populære, var i ferd med å slå gjennom.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er mange norske band som har spela på Colibri. Vetle Skori såg sjeldan avgrensingar. Noregs yngste diskoeigar såg moglegheiter.

Det byrja med ein kiosk på Fjellheimtomta i 1977. I 1985 opna eit topp moderne gatekjøken på Brøløs. «Vest-Telemarks største og finaste fastfood-restaurant» blei raskt populært.

– Det var kø konstant. Me omsette burgarar for sju millionar kroner, seier Vetle Skori.

– På 80-talet!

Skrur tida tilbake

På Granvin kulturhus vil dei fredag skru tida tilbake. Det er nostalgi i sentrum når dei inviterer bygdefesten Brøløs på 90-talet etter at butikkane har stengt på nattope. Geir Jensen, Linda Bakås Råmunddal og Kaja Devos gler seg til å mimre om Colibri og Gjelstad’n-kiosken – båe fenomen alle som voks opp i Seljord på 80- og 90-talet nikkar anerkjennande til.

– Kle dykk gjerne i 90-talsklede, er oppmodinga frå Geir Jensen til dei som vil på fest på fredag.

Med seg har dei DJ-Øistein – Øistein Hansen – som både var DJ og vaktmeister på Colibri.

– De må få han i dei tigertightsa han gjekk med! er bestillinga frå Vetle Skori til Granvin.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kinosalen vil bli gjort om til diskotek. Og maten vil bli selt frå ein kiosk inspirert av Gjelstad–kiosken som stod utanfor Handelslaget i Seljord.

Synfaring: Vetle Skori (t.v.) fekk høyre tankane om korleis Granvin skal bli gjort om til Colibri. Vidare: Geir Jensen, Kaja Devos og Linda Bakås Råmunddal.

Spiseplikt

Slutten av 80- og starten av 90-talet på Brøløs var, for å seie det forsiktig, noko anna enn det er i dag. Det var på den tida folk reiste ut i 19.30-tida og klokka 20 var det fullt.

For å kunne selje øl var det i starten spiseplikt, derfor blei drikken servert til eit karbonadesmørbrød. Det var ikkje alle som hugsa å få i seg fast føde. Dei drakk ølen og let smørbrødet stå.

– Og så selde me smørbrøda att til dei seinare på kvelden, humrar Skori.

Det var ikkje diskotek i Øvre Telemark på midten av 80-talet. Næraste uteplass var i Notodden. Det forklarar litt om kvifor folk kom langvegs frå for å stå i kø for å kome inn på Colibri. Det var noko nytt og friskt – og blant Noregs flottaste diskotek på den tida – mellom anna med speglar overalt og lys ingen hadde maken til.

Ideen blei sådd på Playa del Ingles på Gran Canaria. I 1985 var Vetle og kameratgjengen frå Seljord på sin fyrste utanlandstur. Og Vetle blei inspirert av uteplassen The Chick.

– Slik skal eg bygge i Seljord, konstaterte Vetle til kameratane.

Og slik blei det. Andre helga i juli 1987 var det opning.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Og namnet?

– Det kom frå lysa – colibri. Dei fyrste i sitt slag i Noreg – kosta vel opp mot 100 tusen, seier Vetle.

På vegen mot opning måtte han mellom anna vinne over edruskapsnemnda i kommunen for å få skjenkeløyve. «Betre med ei flaske hos Vetle enn nidrikking i bilane,» refererte VTB frå kommunestyret. Bak argumentet låg det at folk drakk i bilane og når det var kaldt måtte dei drikke opp alt dei hadde for å unngå at ølen fraus i bilane …

Drøymde om burgarar

Suksessen let ikkje vente på seg. Her var det konsertar og misseshow. Historiene er mange. Langt fleire enn det er plass til i denne artikkelen. Fram til midten av 90-talet var Colibri eit lite stykke diskoeventyr i Seljord som vekte åtgaum langt utover kommunegrensene.

– Men det var gatekjøkenet som var lokomotivet i drifta, understrekar Skori, som hadde med seg mora som ei sentral brikke i drifta.

Utover 90-talet melde behovet seg for å pusse opp. Inventaret var slite og innrøykt – og teppa dynka i øl og anna gjennom vel eit tiår.

– Det såg ikkje ut.

Colibri kom seg aldri på beina att etter oppussinga. Vetle Skori var lei og sliten, og i 2002 selde han. Det var på høg tid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg hadde mareritt om burgarar, seier Skori.

Frå arkivet: Eit lite knippe av artiklane om Colibri i VTBs arkiv.
Den gongen: Colibri slik mange i Seljord og omegn hugsar det frå glanstida på slutten av 80- og starten av 90-talet.