Skuterbedrifta midt mellom aust og vest henta inspirasjon – og pris – i USA
På veggane i butikken til Vinje motorsenter på Mogane heng det i alt fem forhandlarprisar frå tidlegare år.
I februar var verksemda i USA og mottok forhandlarprisen for Ski-Doo i Noreg.
– Me er veldig stolte over å fått til det me har fått til, og prisane syner at me forhåpentlegvis gjer veldig mykje rett. Kva dei eksakte kriteria er, er litt hemmeleg, men service og salsmål er ein viktig del har me forstått, seier dagleg leiar Vegard Bråstøyl.
Artikkelen held fram under annonsen.
Motorsenteret er forhandlar for Bombardier Recretional Products, og sel snøskutermerka Lynx og Ski-Doo. Dei sel også ATV-merket Can-Am. I fjor var omsetninga på 39 millionar kroner, etter jamn vekst sidan oppstarten.
Mykje arbeid
Seks dagar varte opphaldet i Houston i USA, der dei fekk utdelt årets pris. Det var eit spanande opphald for Bråstøyl og kollega Svein-Inge Kostveit. Her prata dei med produktutviklarar, designarar av produkta dei sel og vart synt mange nye modellar.
– Det var viktig å prate med dei som lagar produkta. Tidlegare på dette årlege forhandlarmøte, som har vore fyrst og fremst i Norden, så har det ikkje vore mogleg å få gjort det, seier Bråstøyl.
Houston er USAs fjerde største by og om lag 2 500 menneske var samla på messa, som var i sentrum av byen.
– Det er alltid kjekt å prøvekøyre produkta, som me fekk i Houston. Særs spanande var det å sjå neste års modellar. Det var mindre med nyhende i år, men nokre var det. Den nyaste utviklinga i bransjen er at no byrjar ein også å produsere elektriske skuterar. Ein vil framleis produsere bensindrivne, men dei elektriske produkta blir viktig i framtida, seier Bråstøyl etter årets messe.
Lagleg med Mogane
Det er eit viktig mål for Bråstøyl at alle ledda i butikken er bra.
– Service, produkt, salsmål, utstyr og delar til produkta, promotering av produkta. Alt er viktig for å lukkast og for å få fornøgde kundar. Det er er ting me er nøye med og strevar etter å vera gode på, fortel Bråstøyl.
Lokasjonen til butikken er ikkje tilfeldig. Det ligg midt i mellom aust og vest. Ein har nærleiken til marknaden i Vest-Telemark, samstundes som det er kort veg til Vestlandet. Kundane kjem både frå aust og vest.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me kunne hatt butikken ein meir sentral plass, men det hadde blitt kostbart og tungvint. Her me er no, så har me uavgrensa med plass til å prøve produkta. Eigentleg er me midt i smørauget for produkta våre her, avsluttar Bråstøyl.