Slepp reaksjonar: Sjur Fredriksen slepp både politietterforsking og konkurskarantene etter konkursen i SF Eiendom AS som gjekk dundrande konkurs i 2014. Selskapet var storaktør i Holtardalen. Illustrasjonsfoto frå Holtardalen.

Sluttstrek for konkursmaraton

Meir enn sju år etter konkursen i SF Eiendom AS som dreiv hytteutbygging i Holtardalen i Rauland, kunne bustyraren denne veka sette punktum og avslutte buet til Sjur Fredriksen.

Publisert Sist oppdatert

Det blir ingen dekning til kreditorane som hadde meldt samla krav på 27,2 millionar kroner, bortsett frå Sparebank 1 Telemark som har fått dekt det pantesikra kravet sitt på 7 968 495 kroner. Sal av ni tomter som SF Eiendom sat på, tilførte buet 8 449 736 kroner. Sal av driftsutstyr tilførte buet 810 000 kroner. Saman med andre postar, fekk buet drygt 9,7 millionar kroner til disposisjon. Samla utgifter, inkludert salær til bustyrar og burevisor, kom opp i 9 850 300 kroner. Det betyr ein underdekning på 135 332 kroner. Denne summen blir dekt av lønsgarantifondet under NAV med 60 000 kroner og resten granskingsmidlar løyvd av tingretten.

Konkursbuet fekk i 2016 oppnemnd ein burevisor til å granske dei økonomiske disposisjonane i konkursbuet. Statsautorisert revisor Tore M. Ludvigsen i revisjonsselskapet Deloitte AS vart oppnemnd av Nedre Telemark tingrett.

Politiet har fått all informasjon

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS