Snart kan Tesla-eigarane lade ved kroa
På måndag byrjar gravearbeidet ved Sjøormen kro i Seljord, og eigarane håpar ladestasjonane er på plass før 17. mai.
– Tesla tok kontakt med oss, så nå blir det tolv ladestasjonar hos oss, fortel Gunn Anita Stenstad, medeigar og økonomiansvarleg i Aarnesgruppen som eig Sjøormen kro i Seljord.
Stenstad trur Tesla tok kontakt fordi Sjøormen er ein godt besøkt kafé, og har ein sentral plassering mellom aust og vest. Eigarane er godt fornøgd med avtala.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me stiller grunnen vår til disposisjon, og håpar jo sjølvsagt på at endå fleire nå vil finne oss og stoppe her, seier Stenstad.
– Det har vore nokre tøffe år med koronapandemien, men det betrar seg nå. Me ser at me nærmar oss normalen frå 2019, og det er svært gledeleg, legg ho til.