Solberg blei frifunne i tingretten
Jørgen Solberg burde ha varsla styret om den økonomiske situasjonen i Kartfestivalen AS, men Vest-Telemark tingrett har frifunne festivalsjefen for kravet på meir enn 800 000 kroner.
Konsert-Service AS og Kslive AS kravde totalt meir enn 800 000 kroner frå festivalsjef Jørgen Solberg frå Treungen etter at Kartfestivalen AS gjekk konkurs. Spørsmålet Vest-Telemark tingrett skulle svare på var om kreditor kan krevje erstatning frå styreleiar og dagleg leiar for økonomisk tap etter aksjeloven.
Solberg var dagleg leiar og styreleiar i selskapet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Inntektene under festivalen i 2018 svikta på grunn av lite publikum, og Kartfestivalen AS kunne ikkje betale kreditorane etter festivalen. 6. november 2018 kravde dei oppbod. I konkursbuet vart det meldt 36 krav på til saman 2 372 295 kroner. Overskotet i buet gjekk til konkursbehandlinga og lønnskrav, kjem det fram i domspapira frå Vest-Telemark tingrett.
18. desember 2019 fekk retten stemning frå Konsert-Service AS og KSLive AS.
Tre dagar i retten
Retten som var samla i Kviteseid i tre dagar i september fekk forklaring frå styreleiar Vegard Finnekåsa i Konsert-Service AS og KSLive AS, Jørgen Aarvik Solberg, og 11 vitne.
Konsert-Service AS og KSLive AS hadde på konkurstida uteståande krav mot Kartfestivalen AS på 812 865 kroner og 30 000 kroner. Det blei hevda at Solberg hadde handla aktlaust og brote dei pliktene som objektivt gjeld i rolla som dagleg leiar, styreleiar og aksjonær.
Advokat Inge M. Evja meinte det ikkje grunnlag var for å krevje styreleiar Solberg for tapet som oppstod og kravde at han blei frifunne.
– At ein i ettertid ser at forventningane ikkje slo til, er ikkje tilstrekkeleg til å konstatere personleg erstatningsansvar, peika advokaten på.
Det blei også kommentert at Kartfestivalen AS ikkje hadde samtykka til leveransar utover 600 000 kroner.
Dommen er ikkje sagt innan fristen i lova. Årsaka er at saka har vore kompleks og at det har vore høgt arbeidspress i domstolen, heiter det i domspapira.
Artikkelen held fram under annonsen.
Burde informert styret
Vest-Telemark tingrett meiner selskapet (Kartfestivalen AS) hadde ei forsvarleg vurdering av eigenkapitalen og likviditeten, men at Solberg som dagleg leiar har brote reglane i aksjeloven når det kjem til å informere styret. Solberg forklara i retten at dei andre i styret stolte på han og hadde overlate drifta og organiseringa til han.
– Brota var ikkje forsettlege, men klart aktlause. (...) Samla er desse brota nok til å konstatere at det føreligg eit ansvarsgrunnlag for eventuelle økonomiske tap meiner tingretten, som likevel konkluderer:
– Konkursen var eit faktum allereie då publikum ikkje dukka opp på festivalen, og Konsert-Service og KSLive ville tapt mykje uansett. Den manglande varslinga av styret var ikkje eit naudsynt vilkår for at tapet oppstod.
Solberg har vunne saka fullt ut. Konsert-Service AS og KSLive AS må betale 198 000 kroner til Solberg i sakskostnader.
Dommarfullmektig Johanne Fjesme Nakrem var dommar i saka som blei gjort kjent i dag tysdag.
Ankefristen er ein månad.
– Eg er fornøgd med dommen, seier Jørgen Solberg til VTB.
Han meiner det ville vore håplaust for bransjen om ein som styreleiar og dagleg leiar skal stå personleg ansvarleg kvar gong ein tapar pengar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Då er det ingen som tør å arrangere noko, og då har ikkje han (Finnekåsa) nokon å levere til, seier Solberg, som seier det har vore ein slitsam periode i samband med rettstvisten.