Advokat: Johan Henrik Frøstrup.
Geir Ufs
Stadfestar samtaler med matbutikk
– Forretning er all form for handel, seier advokat Johan Henrik Frøstrup til VTB.
Han representerer Nordbygdi Handel AS (Montér Seljord, ved styreleiar Johan Angre), Varmehandel AS (Seljord Varme, ved styreleiar Tarjei Skræi), Nordbygdi Eigedom AS og Autostrada Seljord AS ved Terje Nordstoga og Næringspark 5A AS ved Thomas Haugan og Vidar Sudgarden som alle har kjøpt tomt på industriområdet i Nordbygdi.
Frøstrup veit at nokon av klientane hans har hatt samtaler med ein daglegvarebutikk. Det har også vore dialog med eit ladeselskap. Advokaten meiner det ikkje vil halde seg rettsleg om kommunen med eit pennestrøk endrar reguleringsplanen til å nekte detaljhandel.
Han vil ikkje forskottere kva som kan bli resultatet om det skjer, og at eventuelt spørsmål om erstatning er eit juridisk spørsmål som vil bli vurdert sidan klientane hans har kjøpt tomter det er mogleg å drive forretning på.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP