Null: Dagleg leiar i Seljord Bil, Lasse Lauvstad, seier regelen om at minst tre prosent av omsetjinga må ha blitt bruka på straum fører til at dei, saman med alle andre i bilbransjen, kan sjå langt etter straumstøtte.

Straumutgiftene har auka med 60 prosent, men verksemda får ikkje ei krone i straumstøtte

Fleire verksemder i Seljord kvalifiserer ikkje til straumstøtte. Årsakene er samansette, men kommunen håpar på ei breiare ordning.

Publisert

Telemark næringshage har på vegner av Seljord kommune og næringslaget i kommunen utarbeidd ein rapport som tek føre seg den føreslåtte straumstøtteordninga for næringslivet.

– Den mellombelse energitilskotsordninga for næringslivet inneheld svakheiter som gjer at store delar av næringslivet i distriktskommunen Seljord fell heilt utanfor ordninga, blir det konkludert med i rapporten.

Ei rekke verksemder vil bli ekskludert som fylgje av reknemetoden som blir bruka, at ein måtte bruke minst tre prosent av omsetjinga på straumutgifter. Verksemder med høg omsetjing, men låg bruttoforteneste vil ikkje nå kravet om straumintensitet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS