Svein Olav takkar av etter 35 år i bilrutene
Tellef Solås overtek mellombels inntil styret tilsett ny toppleiar i Telemark bilruter.
Telemark Bilruter melder at disponent i selskapet, Svein Olav Straand, går av med pensjon 1. november 2020. Straand har vore dagleg leiar i konsernet Telemark Bilruter, samt dotterselskapa Telemark Ekspressbusstrafikk AS og Telemark Last og Buss AS.
– Etter 42 år i transportbransjen og 35 av desse i Vest-Telemark Bilruter L/L og Telemark Bilruter AS, har Svein Olav vore ein del av leiinga som rutesjef, trafikksjef, driftssjef og til sist disponent i 21 år. Med Svein Olav Straand i spissen har selskapet lagt stein på stein og står godt rusta til å møte framtida. Han har leia selskapet gjennom mange utfordringar der strategiske val har vore avgjerande både innan person- og godstransportbransjen, heiter det i pressemeldinga frå Telemark Bilruter.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP