To avlyste dyrskuar blei for tøft: – Eg hadde trua på at eg skulle greie det, men slik gjekk det dessverre ikkje.

Takkar kundane i Facebook-melding.

Sporten Seljord AS melde måndag oppbod, skriv Gro Marita Brauti på butikken si Facebook-side.

Meldinga som er lagt ut:

Artikkelen held fram under annonsen.

«Hei mine kjære kundar. I dag måtte eg ta beslutningen om å stenge Sporten. Miste to Dyrskun, blei litt for tøft.

Så i dag var eg i tingretten for å melde oppbud, og nå i ettermiddag blei dørene stengt. Beklager dette.

Men vi bare sei TUUUSEN TAKK te alle dikkon fine kundar me he hatt som he vøre innom å handla her. Det set me utruleg stor pris på.»

Brauti har vore med frå starten då butikken blei oppretta i 2007. Ho tok over drifta av butikken i mars 2019 etter Nils Liane og Sigrid Hustveit.

I 2019 og 2020 var underskotet til Sporten Seljord AS på høvesvis 737 og 218 tusen kroner etter skatt.

Til VTB skriv Brauti i ein sms at pandemien har sett ein stoppar for vidare drift.

– Eg hadde trua på at eg skulle greie det, men slik gjekk det dessverre ikkje.