Tøft år for entreprenøren: Gjekk med meir enn 20 millionar i underskot

Rekneskapen for 2021 syner at Morgedal Entreprenør AS gjekk med over 20 millionar kroner i underskot i fjor.

Publisert Sist oppdatert

Tal frå Brønnøysundregisteret viser at verksemda hadde ein reduksjon i inntekter på om lag 50 millionar kroner i 2021, ned frå dryge 193 millionar kroner i 2020 til snaue 146 millionar kroner. Dette gav utslag på resultatet – eit underskot på 20 millionar kroner.

Dette er andre året på rad entreprenøren har eit negativt resultat, i 2020 var underskotet på om lag 1,9 millionar kroner. Dei tre føregåande åra gjekk Morgedalsverksemda i pluss, med høvesvis 5,8, 6,7 og 1,8 millionar kroner i 2017, 2018 og 2019.

Rekneskapen viser også at selskapet har i løpet av 2021 redusert den totale gjelda med om lag 35 prosent, ned frå kring 100 millionar kroner til dryge 65 millionar. Eigenkapitalen var også monaleg lågare i 2021 kontra året før, ned frå 17,8 millionar kroner til 7,1 millionar, noko som har ført til ei kraftig auke i gjeldsgraden, altså kor mykje gjeld ei verksemd har i forhold til eigenkapitalen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS