Blei overraska: Tore (t.v.) og Stein Skåli blei gledeleg overraska over korleis hyttesalet skaut fart under koronaen.
Geir Ufs
Trudde koronaen stoppa hyttemarknaden – der tok dei feil
Den beste marknadsføringa brørne Tore og Stein Skåli har hatt for hyttegrenda si på Felle, skjedde då koronaen kom. Telemark Panorama AS nyttar lokal arbeidskraft for å få opp hyttene, og kan gle seg over god årleg omsetning.
Som eit utbyggingsselskap blei Telemark Panorama AS på Felle sør i Nissedal kommune stifta i 2011. Det er Stein, Tore og dei to sønene hans Stian og Tellef som eig selskapet. Telemark Panorama drifter Vedlausfjell hyttegrend, der det er høve til å ha totalt 150 tomter på eit område Stian Skåli er grunneigar.
Når utbyggingsselskapet sel hyttetomter, ordnar dei veldig ofte med ulik arbeidskraft som må til for å få opp bygga. Fyrste hytta stod ferdig for kjøparen påska 2012.
– Dei to fyrste tomtesala var veldig tilfeldig. Det eine skjedde då ein person kontakta oss på ei messe i Sandefjord, og andre salet kom då eg trefte ein kjøpar på butikken på Felle, hugsar Tore godt.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP