Krev fortgang: Vinje kommune krev at DNT gjennomfører årets sesong på Mogen med nytt avløpsanlegg.
Anne Sofie Tresland
Turisthytta kan bli stengt i sommar: «De har hatt fleire år på å ta tak i denne utfordringa»
Vinje kommune ønskjer ikkje at naboane skal bli utsette for ureining og luktproblematikk endå ein sesong og krev at nytt avløpsanlegg til Mogen Turisthytte er på plass før årets sesong.
– Alternativt må DNT (Den norske turistforeininga) utsette sesongstart inntil nytt anlegg er opna og klart til bruk, meiner Vinje-rådmannen.
1. februar vedtok administrasjonen i Vinje kommune at avløpsanlegget til Mogen Turisthytte blir stengt. «Anlegget er ikkje lenger lovleg», skriv kommunen i vedtaket som krev nytt avløpsanlegg før utslepp igjen blir tillate.
Rådmannen viser til at det framleis er tre månader til sesongstart – tid nok til å få på plass eit nytt anlegg, og at kommunen skal «legge til rette for rask handsaming».
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP