Tek form: Seljord næringspark i Nordbygdi.

Utvalet var splitta om kva type handel det skal bli opna for i Nordbygdi

Eit knapt fleirtal i samfunnsutvalet fylgjer rådmannen i å nekte detaljhandel i Nordbygdi.

Publisert Sist oppdatert

Det er i dag ikkje avgrensingar på kva type forretning det er opna for i Nordbygdi, men rådmannen er klar på at den gjeldande reguleringsplanen ikkje opnar for til dømes etablering av kafé eller restaurant på området – og at «detaljhandel aldri har vore tenkt i dette området». Derfor meiner rådmannen ein bør presisere at det mellom anna ikkje er mogleg å etablere ein matbutikk på det nye næringsområdet.

Det rådet fylgde eit knapt fleirtal i samfunnsutvalet onsdag. Kommunestyret avgjer saka.

Edvard Mæland (H) prøva i møtet å kome med eit kompromiss, men blei ståande åleine om å opne for detaljhandel – men ikkje daglegvareforretning.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS