Satsar i Nordbygdi: Frå venstre: Torje Aasan med Ida på armen, Johan Angre og Terje Nordstoga.

Vil ha «alle rettar»: – Me ynskjer mest mogleg aktivitet i Seljord

Næringsaktørane i Nordbygdi synest det er uheldig om kommunen skal leggje avgrensingar på kva området kan bli bruka til.

Publisert Sist oppdatert

Seljord kommune vil i samband med ei endring av reguleringsplanen for industriområdet i Nordbygdi stengje for detaljvarehandel, som til dømes matbutikkar – og berre godta såkalla «plasskrejvande varegrupper».

Som VTB skreiv nyleg har aktørar på industriområdet i Nordbygdi nå engasjert advokat i saka som skal til samfunnsutvalet 8. juni.

I den gjeldande reguleringsplanen er området regulert for «forretning og industri», men det er ingen avgrensingar på kva type forretning det er opna for. Så sjølv om både ATP-Telemark (den regionale planstrategien i fylket) og kommunedelplanen for sentrum ikkje opnar for detaljvarehandel i Nordbygdi, finst det ikkje avgrensingar i den gjeldande reguleringsplanen, som er øvst i planhierakiet.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS