Mytisk: Mytiske Telemark, verksemdsnettverket langs Sogevegen om Nutheim, får 50 000 kroner frå Seljord kommune til kunst- og mytekonferanse i Flatdal i september.
Isak Slettebø
Vil revitalisere næringslivet på mytisk vis
Seljord-politikarane løyver 50 000 kroner til kunst- og mytekonferanse i regi av bedriftsnettverket Mytiske Telemark.
Konferansen markerer avslutninga av det fireårige Mytiske Telemark-prosjektet, eit bedriftsnettverk med verksemder med band til reiselivet langs Sogevegen – i Hjartdal, Svartdal og Flatdal.
– Konferansen skal føre til at potensielle gjester har kjennskap til kva som finst av næringsaktivitet langs Sogevegen. Det kan vera reiselivsbedrifter, spinneri, landhandel, skinnbedrift. Målet er at bedriftene vil auke omsetning med 20 prosent og skape nye arbeidsplassar, skriv Mytiske Telemark i søknaden.
– Det skal føre til bygging av nettverk lokalt og nasjonalt. Lokalt blir det kven ein kan samarbeide med for å lage gode produkt. Nasjonalt er målet å lage samarbeidsnettverk mellom kultur og reiseliv, held dei fram.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP