Planlegg solenergi på industriområde
Politikarane i Kviteseid er positive til ei satsing på solfangarar og energibrønnar i Brunkeberg.
– Det vil bli eit veldig framtidsretta industriområde, seier Tarjei Gjelstad.
Han er seniorrådgjevar i eining for teknisk drift i Kviteseid kommune og har jobba med planane om eigenproduksjon av straum på industriområdet i Brunkeberg. Politikarane er positive til at Kviteseid kommune nå går vidare med ei detaljplanlegging.
Artikkelen held fram under annonsen.
Vil ha solfangarar på taka
I første omgang er planen å montere solfangarar på taka på industribygga som er på området i dag. Solenergien skal varme opp vatn. Det varme vatnet skal lagrast i energibrønnar under bakken og bli bruka til å varme opp bygg på vinteren.
Gjelstad fortel at kommunen har hatt møte med aktørane som held til på industriområdet, og at dei er positive. Det er også VTK.
Anlegget vil truleg gje eit overskot av energi. Ei høgspentline som går gjennom området har kapasitet til å både ta imot og levere straum.
– Den straumen som blir til overs kan me levere til VTK eller putte i batteri og bruke til ladestasjon for tyngre køyretøy, seier Gjelstad.
Han meiner det vil vere bra å leggje til rette for lading av både personbilar og tyngre køyretøy i Brunkeberg.
Anlegget vil redusere kostnadane til straum for bedriftene i området, og Gjelstad håpar det vil gjere det tryggare for nye aktørar å etablere seg på industriområdet.
Energibrønnar
Vatnet som blir varma opp av solenergi skal bli lagra under bakken, i energibrønnar. Det skal ikkje legge beslag på areal.
– Over brønnane kan det vere både bygg, parkeringsplassar eller garasjeanlegg, forklarar Gjelstad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kor på området energibrønnane eventuelt skal ligge er ennå ikkje avgjort.
Rådgjevaren i kommunen jobbar nå med å få opp ein detaljplan som han håpar vil bli klar i vinter.
– Så får den gje svar på vegen vidare, seier Gjelstad, og fortel at det tidlegare er laga både ei masteroppgåve og eit forprosjekt som viser at det er gode moglegheiter.
Politikarane er positive
På formannskapsmøte tidlegare i september drøfta Gjelstad satsinga med politikarane. Å lage ein detaljplan vil ha ein kostnad.
– Er det ei kommunal oppgåve. Skal me bruke tida vår på dette, spurde Gjelstad politikarane.
Egil Jøsendal frå MDG var glad for satsinga.
– Om me kan medverke til det grøne skiftet så må me gjere det, sa han.
Det var resten av formannskapet samde i. Kviteseid kommune vil dermed halde fram med å legge til rette for satsinga med solfangarar og enrgibrønnar på industriområdet i Brunkeberg.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommunen har fått klimasatsmidlar til prosjektet, og jobbar med fleire søknadar for å delfinansiere satsinga med eksterne midlar.