Vil vidareutvikle Telespinn: Bjørg Minnesjord Solheim, Svartdal.
Vil utnytte ulla frå spel- og villsau
Nå vil Bjørg Minnesjord Solheim vidareutvikle bedrifta med mellom anna å satse på ull frå villsau og spelsau.
Telespinn AS blei etablert på garden Midt-Svartdal i 2008, som Noregs fyrste småskala spinneri. I dag er bedrifta marknadsleiande i sin bransje og produserer både eigne merkevarer (garn/produkt), i tillegg til å spinne ull for individuelle kundar. Telespinn med sine 3–4 tilsette har spesialisert seg på fiber fra mohairgeita, men produserer også ull frå andre småferaser.
Koronakrisa har også ramma bedrifta i Svartdal. No er tida inne for å auke og utvikle produksjonen for å sikre arbeidsplassane og heve kompetansen slik at Telespinn kan kome styrka ut.
Innovasjon Norge har støtta utviklingsplanane med ein halv million kroner. Bjørg Minnesjord Solheim rosar Telemark næringshage for god hjelp i søknadsprosessen og prosjektutviklinga.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP